Denne bloggoppgåva er kanskje litt sein, men i november hadde vi om nyrealismen, som varte om lag frå 1905 til 1925.
Nokre viktige kjenneteikn på nyrealismen:
· Nyrealistane var meir opptekne av einskildmennesket, og deira etiske ansvar, enn kva ein var i 1880-åra.
· I staden for å skildre borgarlege miljø, er det arbeidarmiljø som vert skildra.
· Nyrealistane gir ein mykje breiare framstilling av miljøet, og innsikt i personane.
· Det vart hovudsakleg skriven romanar i denne perioden.
Vi leste fleire tekstar, alle var romanutdrag, og eit døme på at det ikkje er dei borgarlege miljøa som vert skildra finn vi romanutdraget frå Markens Grøde, av Knut Hamsun, der vi les vi om ein nybyggjar som heiter Isak.
Eg synes at tekstane kunne vere litt tunge og lese, og at dette ikkje akkurat er min type litteratur.