I Giftas I meiner August Strindberg at det er verre at ei kvinne er utru, enn at ein mann er det, og at Nora i Ibsens Et dukkehjem er egoistisk som går ut av ekteskapet med Helmer. Eg meiner at det er like gale uansett kven av partane som er utru, men denne påstanden kjem jo og frå ei meir mannsdominert tid.
Eg meiner og at Nora ikkje er egoistisk når ho bryt ekteskapet med Helmer, fordi ho ikkje vil bli behandla som om var berre ei ”dokke”, altså at Helmer tenkjer at ho er hans til å bestemma over og at han behandlar ho nesten som om ho var eit barn.
I dag trur eg at stillinga til ekteskapet kan ha blitt litt svekka, i alle fall enkelte stader, sidan det no er fleire som vel å bu saman som sambuarar i staden for å gifte seg. Ekteskapet er vel kanskje ikkje nødvendig i alle høve, det kan jo og vera dyrt for enkelte å gifta seg, men for nokre spelar det kanskje inga rolle. Om ein skal gifta seg eller ikkje er no for tida meir frivilleg, og ikkje lika påtvunge som det var før i tida.