I dei siste norsktimane såg vi ein video av ei teaterførestelling av Henrik Ibsens Vildanden. I dette stykket kjem dr. Relling med påstanden om at viss ein tek livsløgna frå ein person, tek ein og lykka frå han. Det eg meiner om denne utsegna er at det faktisk kan vera noko med det, fordi at det som er sant er ofte noko som kan vera ubehageleg eller trist, som til dømes det som Hjalmar fikk vite av Gregers; at Grosserer Werle hadde vore i lag med kona til Hjalmar ein gong og kanskje derfor hadde gitt dei pengar utan at Hjalmar har fått vite om det. Eg trur og at det er mange som lever på slike livsløgner, spesielt i land der det er mykje rikdom og velstand, slik som her i landet.
Mi meining om dette stykket er at det var interessant å sjå på sjølv om det var litt gamaldags og svart-kvitt bilete, men at slutten var trist, fordi Hedvig døydde. Denne oppsetjinga synes eg at var god, fordi skodespelarane klarte å vekkja litt følelsar hos sjåarane og dei framførte stykket på ein god måte, synes eg.
Biletet er henta frå http://skule.stord.kommune.no/sagvaag/natmil_utstyr.htm
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar