I essayet ”Det høgre skulevesen” meiner Aasmund Olavsson Vinje at det ikkje er det å lesa bøker som gir kunnskap, men at ein må oppleva livet for å få det. Han meiner at dei boklærde berre vidareførar det som andre meiner og seier i dei bøkene som vert lesne. Han argumenterar for synet sitt ved å samanlikne to brør; der den eine studerte, mens den andre var heima på garden og las, og at seinare i livet til dei to, var det den som var heima som vart klokast, gjennom erfaringane han hadde fått frå livet på garden. Han sa og at den broren som hadde vore heima kanskje ikkje snakka like fint som broren, men at han var meir sjølvtenkjande og hadde meir vit, og at han ikkje brukte så mykje kompliserte ord og talemåtar som han som hadde studert.
I det første avsnittet seier Vinje at ungdommen les for mykje og tenkjer for lite, og det kan eg sjå meg delvis einig i, fordi at det er altfor mange som ikkje tenkjer før dei handlar no om dagen, men det er ikkje nødvendigvis lesing som har skylda for dette, sidan det og kan komme mykje bra ut frå lesing, som til dømes litt spenning viss ein les noko ein synes er spennande.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar